Tullball

 

Nei da, det var ikkje tull – det var heilt ordentlig! Både diademar, lysekroner, kakkelomnar og kongen var heilt ordentlige.

 

 

Festen” starta laurdag, med kongelig varieté, Briskeby, Surferosa, Odd Børresen, og The Cardigans var blant innslaga. Etter forestillinga ville me ha mat, og frå Spektrum tok me sikte mot Aker Brygge – trudde me. På vegen hamna me i eit område med ei ny dame på kvart hjørne, og då bilane byrja å sakke ned bak oss forstod me at dette var feil strøk! Me satt opp tempoet og kom oss tilbake til ”trygge” Karl Johan.

Så kom altså den store dagen! Etter ein lang frukost, ein rusletur i byen og cafe-besøk med Anja byrja arbeidet. Midt i stellet banka det på hotelldøra, og eg opna i undertøyet i tru om at det var bror Dag som hadde sagt han ville komme innom. Det var ikkje Dag, det var journalist og fotograf frå Fædrelandsvennen. Eg fekk sendt dei av garde, og sa dei fekk heller komme tilbake litt seinare. Mamma var i Oslo for å feire bursdagen til tante Ada, og dei ville og komme og helse på. Så med mamma, tante Ada, Dag, journalist, fotograf og brannvesen vart det etterkvart folksamt på rommet! Me rokk berre så vidt å øve på neiinga før det bar i veg med tante Ada som sjåfør.

Fylkesmannen hadde terpa oss på ”deres majestet” og ”deres kongelige høyhet”. Endre hadde råda meg frå å seie ”dåkkers majestet” – då dette lett kunne oppfattast som ”pokkers majestet”. Det blei heldigvis ikkje tid til å seie stort anna enn hei og hå, og eg hugsar heller ikkje om eg neia.

 

Polonesen førte oss rundt i slottets salar, og enda opp i ein vals i den største salen. Eg hadde mi fulle hyre med å holde styr på Kari som heile tida prøvde å spenne bein på dei kongelige. Som de ser av bildane var det temmelig trongt om plassen på dansegolvet, så synkronoppvisninga vår kom ikkje heilt til sin rett.

Kjolen min viste seg å vere svært kontaktskapande. Blant dei som trakka på han var Carl I. Hagen og Bente Skari. Sistnemnte sa ho burde vite betre, sidan ho og hadde slep på kjolen. Ho trøsta oss med at ho hadde sett kongen trakke på kjolen til Märtha Louise også.

 

Maten var god og vanskelig. Me blei fordelt i tre salar. Me var i same sal som kongen og dronninga, medan kronprinsen og Märtha Louise opna dei andre to. Det var tungt å gå rundt å bere på glas og tallerken, utan å kunne sette frå seg. På menyen var blant anna haneskjell med mango, hummersalat, grava ørret, ørrettartar, dansk postei, posjert fasan, hvalcarpaccio og elg frå Sikkilsdalen.

”Slottsdansarane” hadde oppvisning, og tanken slo meg at eit samarbeid med synkronsymjeteamet hadde vore spennande!

 

Klokka tolv var ballet slutt, og me gjekk sårbeinte heim. Kari var faktisk så sårbeint at ho med slottet litt på avstand tok av seg skoa og gjekk i sokkelesten. Riktig nok var kjolen lang nok til å skjule sokkane, men ho avslørte seg då ho mista den eine skoen. Bak oss kom musikarane og Rene Andersen som hadde synge for oss, og ”Askepott” vart naturlig nok samtaletema!

 

Dette var den riktige historia frå slottet. Sitata frå Fedrelandsvennen er tull og tøys, eg har slett ikkje snakka med dei på telefon frå Speilsalen!